Mangel på forbilde
Med så få kvinner som flyg er det vanskeleg å få gode rollemodellar ein kan sjå til for råd. Det er få kvinnelege instruktørar, få kvinnelege konkurransepilotar og generelt få kvinner som har lisens. Utan nokon å sjå opp til for inspirasjon og råd er det vanskeleg å sjå for seg kor denne fantastiske sporten kan ta ein.
Ivaretaking under og etter kurs
Med mangel på kvinnelege instruktørar er det sjeldan at ein møter kvinner frå luftsporten i begynnelsen. Det kan påvirke korleis tida på kurs og tida etter kurs opplevast. Kvinner er ofte betre på å sjå den heilhetlige opplevinga av kurs, og ikkje minst den følelsesmessige delen. Å fly for første gong kan utløyse mange tankar og kjensler som kanskje ikkje alltid menn gje plass for.
Seksuell trakassering
Me må dessverre ta opp at seksuell trakassering er ein ting som pregar samfunnet og miljøet vårt. Eg har sjølv opplevd ubehagelege hendingar og høyrt andre fortelje om liknande opplevingar. Det er høg terskel for å melde frå enno, og eg veit heilt ærleg ikkje sjølv korleis trakassering blir handtert i luftsportmiljøet.
Kjønnsnormer i samfunnet
Som kvinne møter ein ofte på dei normene som ligg i samfunnet ellers, også i luftsporten. At ei kvinne flyg er utanfor dei normale normene og ein kan møte fordommar frå andre. Kvinner kan fort bli undervurdert som pilot i sporten. Fleire har delt erfaringar om at dei har blitt møtt med forventningar om at dei skal vare tandempassasjer når dei skal flyge sjølv, og sjølv har eg opplevd å fått høyre at eg ikkje burde flyge i desse forholda mens 5 andre menn med langt mindre erfaring blei oppmuntra.
Støttande fellesskap
Sjølv med mange vanskar som kvinne møter ein også eit godt fellesskap. Dei fleste som driv med luftsport er oppegåande, trivelege menneskjer som gjer sporten betre. I kvinnenettverket og gjennom jentesamlingar har me klart å lage eit meir støttande fellesskap kor kvinner kan dele sine erfaringar. Me sett veldig stor pris på at NLF støttar opp om dette! Me skulle gjerne hatt meir av slikt, men det krev ein god del av arrangør og midlar. Om du kjenner eit kall til å bidra, ta kontakt med din lokale klubb, forbundet eller kvinnenettverket!
Vil leggje til eit sitat frå Marita Ullestad som eg syns var veldig fint, og som eg trur oppsummerar litt av det me kanskje ynskjer å få til med jentesamlingar:
«Fellesskapet i luftsport er utrolig viktig. Alle er til syvende og sist ansvarlig for sin egen prosess. Vi er alene i luften, alene i vår egen progresjon. Noe som virkelig booster lærelyst og luftsportglede for meg er nettopp det å samles på start og landing, dele av sin prosess, utveksle erfaringer, støtte og heie på hverandre".
Jeg håper på å få se mer av kvinnelige rollemodeller i fremtiden. Kanskje foredrag, høre om deres reise, kjenne inspirasjon og ikke minst bygge tro på at en selv kan få det til - som kvinne!»
No har eg arrangert to store jentesamlingar i 2022 og 2023 med stor suksess, og frukostsamling under Ekstremsportveko i fjor som blei kjempetriveleg til tross for dårleg vêr. For meg er jentesamling berre ein god bonus i luftsportsmiljøet, men eg håpar, og trur, at for nokon så er jentesamlingane ein viktig møtestad som bidreg positivt til deira progresjon og oppleving i sporten. Difor er me veldig motivert til å køyre på med frukostsamling for kvinnelege HPS-pilotar i år også under Ekstremsportveko!
Håpar å sjå så mange som mogleg der!
Link til påmelding:
https://www.ekstremsportveko.com/sports/paragliding/girls-gathering/